Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

G-Suite

G-Suite er ei skyteneste levert av selskapet Google. Denne tenesta inneheld skybasert programvare som tekstbehandling, regneark, presentasjonsverktøy, e-post, kalender med meir. 

Fordelen med tenesta er at elevane og lærarane kan samhandle i grupper på same dokument. Elevane i gruppa kan få tilbakemelding medan dei skriv, av t.d. faglærar eller medelevar. G-Suite er tilgjengeleg  på alle einingar som PC, MAC, nettbrett eller smarttelefonar dersom du er tilknytt internett og har installert appane. Google si app-samling inkluderer ulike skriveverktøy, YouTube, blogg, kalender, videokonferanse og chat m.fl. og også ubegrensa skylagring i Disk.

Alle lærarar og elevar i Møre og Romsdal har fått oppretta sin eigen google-konto.

Brukarnavnet er: feidebruker@gapps.mrvgs.no

Passord: Ditt feidepassord

Kva kan G-Suite tilby?

Opplæringsvideoar:

Nokre av tenestene er:

  • Dokumenter: Er nettbasert tekstbehandling. Elevane kan jobbe med dokumenta overalt - både på skolen og heime.
  • Regneark: Er eit nettbasert regneark.
  • Presentasjoner: Er eit nettbasert presentasjonverktøy.
  • Disk: Er eit nettbasert lagringsområde og elevane har ubegrensa med lagringsplass for data (dokument, videoar, foto, musikk o.l.)
  • Gmail: Er ein nettbasert e-postteneste. 

PS: Hugs personvernet ved bruk av skytenester (Personvernskolen.no).

Kontaktpersonar

Tor Petersen Tor Petersen
Rådgivar
71 28 04 46 /
Mob. 943 80 534
Send e-post