Utviklingsarbeid ved Volda vidaregåande skule

* Skulevurdering
* Pedagogisk utviklingsarbeid
* Internasjonalisering

Skulevurdering
 Sidan hausten 2006 har vi hatt i sving eit forum for skulevurdering, med to lærarar, rektor og ein avdelingsleiar som medlemer.

Gruppa har så langt utarbeidd to dokument:

  •  Skjema som elevane skal bruke ved tilbakemelding til lærar på undervisninga i enkeltfag.
  •  Skjema for undervegsvurdering frå lærar til elev.

Skuleåret 08-09 var vi med på eit fylkesprosjekt (saman med Ålesund vgs. og Romsdal vgs.) som heiter undervisningsvurdering, altså tilbakemelding frå elev til lærar. Ei nettbasert undersøking var utarbeidd, og denne vart gjennomført i januar/februar 2009. Alle lærarar vart evaluert av minst ei undervisningsgruppe. Lærarane skal gå gjennom resultatet med gruppene sine, for å kome fram til kva som ev. kan rettast på. I 2009-2010 vart ein oppdatert versjon brukt av alle lærarane i slutten av 1. halvår.

Pedagogisk utviklingsarbeid

Utarbeidde prosjektdokument til no:

2010-2011:

  • Vi hadde historiedagar for Vg3 ST og Påbygging 28.-30. september. Klikk her.
  • Grammatikkurset vart utsett til 2. halvår.
  • For andre gong arrangerte vi språkdag i Ålesund.

2009-2010:

  •  For andre gong vart det arrangert historiedagar for Vg3 ST, eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnmøre Museum og Volda vgs.  Klikk her for å lese nyheitsoppslaget på heimesida. Oppslag om dei første historiedagane i september 2008 finn du  her .
  •  Det 4. grammatikkurset vart avvikla før haustferien. Etter evalueringa er det bestemt at kurset skal køyrast noko seinare neste haust og at norsk skal ta til med kurset ei veke før dei andre faga.
  •  Tekstgrammatikken vart fedig primo november og vart presentert av Oddrun Torvik på ein stor konferanse i Oslo i slutten av månaden. Den har blitt svært godt motteken, og mange har sagt dei vil ta den i bruk. Sjå link til tekstgrammatikken over.
  •  IKT-kartlegging av Vg-elevane vart avvikla hausten 2009.
  •  Vi har gjennomført ei IKT-abc-kartlegging av lærarane, og fleire kurs var haldne på kveldstid hausten 2009.
  •  Skulen fekk midlar frå Fremmedspråksenteret til rekrutteringstiltak for framandspråk som programfag, og 17. desember arrangerte vi, saman med Fagerlia vgs., ein "språkdag" ved Høgskolen i Ålesund der både folk frå høgskulen, næringslivet og reiselivet hadde innlegg.  Klikk her for å lese nyheitsoppslaget.
  •  Volda vgs. har gått inn i eit samarbeid med Volda Handball, Volda Fotball og Ørsta IL om å tilby programfaget toppidrett frå utdanningsprogram for idrettsfag. På denne måten får elevane på ST ein fin kombinasjon mellom eit spissa idrettstilbod og generell/spesiell studiekompetanse. Oppslag om dette finn du  her .

2008-2009:

  •  Grammatikkurset vart avvikla for 3. gong, etter same lesten som i 2007-2008. Mange skular i heile landet har no teke i bruk kurset, som vart lagt ut i bokmålsversjon hausten 2008. Vi er no i ferd med å komplettere opplegget med eit kurs i tekstgrammatikk. Etter kvart har vi halde føredrag om kurset rundtom i fylket, i Bergen og i Oslo.
  •  Kartleggingsundersøkinga av førehandskunnskapar i IKT vart gjennomført hausten 2008 på Vg1.
  •  Det skal køyrast diverse kurs for elevane våren 2009, basert på resultata av undersøkinga.
  •  I tillegg skal det avviklast kveldskurs i IKT for lærarane våren 2009.
  •  Vi skal ha ein runde med lærarane om reglar for bruk av berbar PC i undervisninga og felles reglar for bruk av Classfronter.

2007-2008:

  •  Grammatikkurset vart avvikla i veke 38 og 39, med avsluttande test 2. oktober. Kurset var no utvida med spansk, i tillegg til norsk, engelsk, tysk og fransk. Fleire skular i fylket planlegg kurs. I tillegg har vi fått stønad frå Fremmedspråksenteret til å vidareutvikle kurset, omsetje det til bokmål og utvikle eit kurs i tekstgrammatikk. FoU-koordinator Gerard Doetjes ved senteret var til stades på skulen under avviklinga av testen. Sjå omtale på nyheitssida.
  •  Forum for oppgåveskriving og kjeldekritikk har utarbeidd retningslinjer for korleis elevane skal skrive større skriftlege arbeid og korleis dei skal vere utforma. Desse retningslinjene er laga slik at dei kan takast i bruk i alle fag. Dei tek føre seg område som formalia, språkføring, disponering og bruk av kjelder. 2007-2008 skal dei brukast på både Vg1 (norsk og samfunnsfag), Vg2 (eldre historie og norsk) og VKII (særemnet i norsk).  Det er også utarbeidd ein mal for oppgåveskriving.
  •  Det vart gjennomført to runder med kveldskurs i IKT for lærarane.

2006-2007:

  •  Tverrfagleg grammatikkurs, som vart avvikla i september/oktober 2006 på Vg1 i norsk, engelsk, tysk og fransk. Det har vore stor interesse for dette kurset frå andre skular, og vi har no gjort avtale med fylket om å gjere det tilgjengeleg for alle skulane i fylket.
  •  Tverrfagleg kurs i oppgåveskriving og kjeldekritikk for Vg2.
  •  Forum for pedagogisk bruk av IKT. Denne utvikla ei kartleggingsundersøking av nye elevar sine førehandskunnskapar i IKT.

Internasjonalisering

  •  For tida ingen aktive prosjekt, men vi arbeider med å utvikle faste ekskursjonar med faste rammer på Vg3.

Desse utviklingstiltaka er/har vore baserte på Mål- og tiltaksplanen for det aktuelle skuleåret. Sjå i venstremenyen under Om skulen/Mål- og tiltaksplan.

 


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.