Vg1 Studiespesialisering
Inntakskrav:
Fullført grunnskule
Generell beskrivelse:
Volda vidaregåande skule innførte Kunnskapsløftet f.o.m. 01.08.2006. Dette inneber at elevane på Vg1 (1.-klassingane) f.o.m. 2006-2007 har hatt nye læreplanar i alle fag og til dels nye fag eller endra timetal.
Fellesfag
4 Norsk
5 Engelsk
5 Matematikk T/P
5 Naturfag
3 Samfunnsfag
2 Geografi
4 Framandspråk
2 Kroppsøving
Totalt 30 timar/veke
Det er ikkje programfag på Vg1 studiespesialisering, men ved Volda vgs. har vi eit "spesialtilbod" med faget toppidrett fotball og handball. Klikk på biletet under for å sjå ei samanliknande oversikt over fagtilbodet på Studiespesialisering med toppidrett og Idrettsfag.
Elevane på Vg1 går gjennom ein prosess med å velje programområde (realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi) og fag for Vg2, som også får konsekvensar for Vg3.
Krav til fordjuping:
· Timetal valfrie programfag: Vg2: 15t, Vg3: 15t, altså 30t i alt
· Kvart årskurs i valfrie programfag er på 5 timar.
· Elevane må velje minst 20 timar innanfor sitt programområde.
Unntak: Elevar som vel Framandspråk III må velje berre minst 15 timar innanfor sitt programområde.
Resten av timane (10t ) kan brukast til å velje ytterlegare spesialisering innanfor eige programområde, programfag frå andre programområde eller programfag frå IF (idrettsfag) .
NB! Elevar som har valt fordjuping i norsk eller engelsk i ungdomsskulen, må ta 5t framandspråk II på Vg3. Dei kan dermed ikkje velje anna enn dei to obligatoriske programfaga innanfor eige programområde på Vg3.
På vilbli.no kan du lese om programfaga på Vg2. Klikk her!