Utdanningsprogram for studiespesialisering heitte tidlegare studieretning for allmenne og økonomisk-administrative fag.
I inneverande skuleår tilbyr Volda vgs. Vg1, Vg2 og Vg3 studiespesialisering.
- Du som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag.
- Andre året vel du fordjuping innan eitt av programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.
- Utdanningsprogrammet gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. Alt etter kva programområde og programfag du vel, kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva for fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og -fag.
Generell studiekompetanse: Dei fleste høgskular og universitet krev generell studiekompetanse for å kunne ta til der.
Desse faga inngår i generell studiekompetanse etter Kunnskapsløftet: norsk (14 t.), engelsk (5 t.), matematikk (8 t.), naturfag (5 t.), samfunnsfag (3 t.) og historie (4 t.).
Spesiell studiekompetanse – frå 2009: Ein del utdanningsinstitusjonar krev visse fagkombinasjonar. Her er eit oversyn over desse:
|
Utdanningsinstitusjon
|
Fag
|
|
Fag
|
|
Fag
|
|
Siviløkonom- og informatikkstudium
|
R1 eller (S1+S2)
|
|
|
|
|
|
Ingeniør- og sivilingeniørstudium
|
(R1+R2)
|
+
|
Fysikk 1
|
|
|
|
Bioingeniør
|
R1 eller (S1+S2)
|
+
|
Fysikk1 eller Biologi 1 eller Kjemi 1
|
|
|
|
Lege/tannlege/
ernæring/farmasøyt
|
R1 eller (S1+S2)
|
+
|
Fysikk 1
|
+
|
Kjemi (1+2)
|
|
Veterinær
|
R1 eller (S1+S2)
|
+
|
Kjemi (1+2)
|
|
|
|
Reseptar og tannteknikar
|
R1 eller (S1+S2)
eller
Fysikk 1 eller Kjemi 1
|
|
|
|
|
|
Arkitektur - NTNU
|
(R1+R2)
|
+
|
Fysikk 1
|
|
|
|
Realfag, natur- og miljøfag
|
R1 eller (S1+S2)
|
+
|
Eitt fag (1+2) frå programområde realfag.
|
|
|
Forklaring: R1/R2 er matematikk for realfag og S1/S2 er matematikk for samfunnsfag.
Tilleggspoeng for realfag (opptak høgare utdanning frå 2009) og framandspråk (opptak til høgare utdanning frå 2011)
Det vert gitt inntil 4 tilleggspoeng for programfag i realfag og framandspråk. Alle programfag i programområdet for realfag og framandspråk som programfag (ikkje engelsk) med eit omfang på 5 veketimar gir 0,5 tilleggspoeng, med unntak av Matematikk R2 , Fysikk 2 og Framandspråk III, som gir 1,0 tilleggspoeng.
Føresetnad for godkjenning av opplæring i utlandet på Vg2
· Eleven må vise formell dokumentasjon på at opplæringa i utlandet er gjennomført på eit fagnivå og med eit timetal tilsvarande Vg2 Studiespesialisering i Noreg. Eleven må dessutan ved retur til Noreg ha det nødvendige faglege grunnlaget for å følgje opplæringa på Vg3.
· Innhaldet i opplæringa må ha hovudvekt på allmenne fag (general studies). I tillegg må opplæringa innehalde minst to fag som eleven kan bygge vidare på i Vg3 slik at eleven kan tilfredsstille kravet til programfag i valde programområde.
· Viss ikkje eleven vel matematikk R2 eller matematikk S2 på Vg3, må han/ho ta eksamen i Matematikk T eller Matematikk P som privatist.
Viktig når du søkjer om opptak på studiespesialisering
Når du tek til på Vg1 Studiespesialisering, må skulen vite kva framandspråk og matematikkvariant du skal ha. Tysk, fransk og spansk er framandspråka du kan velje mellom, anten slik at du held fram med det du har (hatt) i ungdomsskulen eller startar på eit nytt. Dei to matematikkvariantane er teoretisk eller praktisk matematikk. Det er viktig at du får god orientering på ungdomsskulen om dei ulike språk- og matematikkvariantane slik at du vel det som er rett for deg.
NB! Elevar som har valt fordjuping i norsk eller engelsk i ungdomsskulen må, i tillegg til obligatorisk framandspråk 1 på Vg1 og Vg2, ta 5t framandspråk II på Vg3. Dei kan dermed velje berre 2 programfag på Vg3.
Oversikt over fagtilbodet på Vg1, Vg2 og Vg3 Studiespesialisering:
|
Vg1
|
Vg2
|
Vg3
|
|
Fellesfag (30 timar/veke)
|
Fellesfag (15 timar/veke)
|
Fellesfag (15 timar/veke)
|
|
4 Norsk
|
4 Norsk
|
6 Norsk
|
|
2 Kroppsøving
|
2 Kroppsøving
|
2 Kroppsøving
|
|
4 Framandspråk
|
4 Framandspråk
|
3 Religion
|
|
5 Engelsk
|
2 Historie
|
4 Historie
|
|
5 Matematikk T/P
|
3 Matematikk T/P
|
|
|
5 Naturfag
|
|
|
|
2 Geografi
|
|
|
|
3 Samfunnsfag
|
|
|
|
Programfag
(0 timar/veke) Totalt 30 t/veke
|
Programfag
(15 timar/veke) Totalt 30 t/veke
|
Programfag
(15 timar/veke) Totalt 30 t/veke
|
Du finn detaljar om programfaga under Vg1 Studiespesialisering, Vg2 Studiespesialisering og Vg3 Studiespesialisering.
Volda vidaregåande skule har følgjande tilbod under dette utdanningsprogrammet: