Service og samferdsel

Volda vidaregåande skule innførte Kunnskapsløftet f.o.m. 01.08.2006. Dette inneber at årets elevar på Vg1 og Vg2 (1.-og 2.-klassingane) har nye læreplanar i alle fag og til dels nye fag eller endra timetal.

  • Du som vel service og samferdsel, vil seinare vere den som møter kundane der du arbeider. Du bør derfor vere høfleg, imøtekomande og serviceinnstilt, og du må like å ha med andre menneske å gjere. Du må òg kunne vise respekt for ulike kulturar, tradisjonar og etiske normer.
  • Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, frå sal til transport. I desse bransjane står kunnskap om lover og forskrifter sentralt. Det same gjer evne til å analysere kva kundane treng, for dermed å kunne foreslå både tradisjonelle og nye løysingar.
  • Kunne du tenkje deg å lære meir om sal, reiseliv, transport av varer og menneske, kontorarbeid, IKT og tryggleik (vektartenester)? Vg1 Service og samferdsel gjev deg grunnleggjande kunnskap til å velje ei utdanning innanfor eitt av desse yrka.
  • På Vg2 vil Volda vgs. satse hovudsakleg på Sal, service og tryggleik.(Sjå læreplanar under Vg2.)
  • Etter fullført Vg2 kan du velje eit tredje år med påbygging til generell studiekompetanse eller å bli lærling i butikkfag, kontor og administrasjon eller tryggleik/vektar.

Volda vidaregåande skule har følgjande tilbod under dette utdanningsprogrammet:


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.