Du som vel musikk, bør i utgangspunktet ha evner og anlegg for dette, og du bør vere uthaldande og ha vilje til øving. Det er ein fordel om du meistrar eit instrument før du tek til. I tillegg bør du like å arbeide med teoretiske fag.
Du kan òg velje programfag frå andre utdanningsprogram. Du vil få nærare orientering om dette.
Inntil halvparten av Vg1-elevane kan takast inn på grunnlag av inntaksprøve. Søkjarane vil få tilsendt informasjon om dette.
Utdanningsprogrammet gir generell studiekompetanse og høve til vidare studium ved høgskular og universitet. Ønskjer du å halde fram med høgare utdanning innanfor musikk, har mange av dei aktuelle høgskulane praktiske opptaksprøver.
Som for dei andre utdanningsprogramma er fagtilbodet sett saman av to typar fag: fellesfag og programfag. Fellesfaga er fag som norsk, engelsk, matematikk og framandspråk, medan programfaga er musikkfag som musikklære, kor, samspel, hovudinstrument og biinstrument.
Musikklinja framfører kvart år ein musikal. Dette er eit stort prosjekt som engasjerer alle elevar og lærarar på musikk, og også ein del elevar og lærarar på medielinja og service og samferdsel. Musikalen i februar 2008 heitte "The World of Oz" og var basert på filmen "The Wiz" (1978), som igjen var basert på den amerikanske klassikaren "The Wizard of Oz" frå 1939. (Sjå omtale på nyheitssida). Elles har musikklinja kyrkjekonsertar, huskonsertar og ei rekkje andre konsertar.
Innanfor dette programområdet vert det undervist 35 timar per veke.
Klikk på peikaren under for å lese ein informasjonsbrosjyre om Musikk i Kunnskapsløftet.
Info musikk Kunnskapsløftet A
Her finn du læreplanar for Musikk, dans og drama i Kunnskapsløftet.
Når du tek til i 1. klasse (Vg1) i musikk, dans og drama, må skulen vite kva framandspråk og matematikkvariant du skal ha. Tysk, fransk og spansk er framandspråka du kan velje mellom, anten slik at du held fram med det du har (hatt) i ungdomsskulen eller startar på eit nytt. Dei to matematikkvariantane er teoretisk eller praktisk matematikk. Det er viktig at du får god orientering på ungdomsskulen om dei ulike språk- og matematikkvariantane slik at du vel det som er rett for deg.
NB! Elevar som har valt fordjuping i norsk eller engelsk i ungdomsskulen, må ta 5t framandspråk II på Vg3. Dei kan dermed ikkje velje Musikk fordjuping 2 på Vg3.
Volda vidaregåande skule har følgjande tilbod under dette utdanningsprogrammet:
Vg1 Musikk
Inntakskrav:
Fullført grunnskule
Generell beskrivelse:
Fellesfag (23 timar/veke)
4 Norsk
5 Engelsk
5 Matematikk T/P
5 Naturfag
4 Framandspråk
Programfag (12 timar/veke)
5 Musikk (kor), dans, drama
2 Lytting
5 Musikk (musikklære, instrument, samspel)
Kroppsøving går inn i programfaga
Totalt 35 timar/veke
Vg2 Musikk
Inntakskrav:
Vg1 Musikk, dans og drama
Generell beskrivelse:
Fellesfag (18 timar/veke)
4 Norsk
3 Matematikk T/P
3 Samfunnsfag
2 Geografi
2 Historie
4 Framandspråk
Felles programfag (12 timar/veke)
5 Instrument, kor, samspel
5 Musikk i perspektiv 1 (lyttetrening, musikkhistorie, musikkhistorisk fordjuping)
2 Ergonomi og rørsle
Valfritt programfag
5 Musikk fordjuping 1 (gehørtrening, komponering, formidling)
Totalt 35 timar/veke
Vg3 Musikk
Inntakskrav:
Vg2 Musikk
Generell beskrivelse:
Fellesfag (13 timar/veke)
6 Norsk
3 Religion og etikk
4 Historie
Felles programfag (17 timar/veke)
5 Instrument, kor, samspel
5 Musikk i perspektiv 2 (musikkhistorisk fordjuping)
2 Ergonomi og rørsle
5 Instruksjon og leiing
Valfritt programfag
5 Musikk fordjuping 2 (gehørtrening, komponering, formidling)
Totalt 35 timar/veke
NB! Elevar som har valt fordjuping i norsk eller engelsk i ungdomsskulen, må ta 5t framandspråk II på Vg3. Dei kan dermed ikkje velje Musikk fordjuping 2 på Vg3.