Studietilbod ved Volda vidaregåande skule

Volda vgs. er no ferdig med overgangsfasen mellom strukturen frå Reform 94 og den nye strukturen som ligg i Kunnskapsløftet, som vart innført på Vg1 hausten 2006. Vi har lagt ut fleire peikarar til stoff om denne nye reforma under Om skulen/Aktuell informasjon.

Skulen har f.t. (09/10) utdanningsprogram for studiespesialisering (ST) med 3 klasser på Vg1 (1. året), 3 på Vg2 og 4 kl på Vg3. I utdanningsprogram for musikk, dans og drama (MD) har vi ei klasse (28 elevar) på Vg1 og Vg2 og Vg3, og i utdanningsprogram for medium og kommunikasjon (MK) har vi ei klasse (28 elevar) på Vg1 og Vg2 og Vg3. På utdanningsprogrammet service og samferdsel har vi ei Vg1-klasse på 15 elevar og ei Vg2-klasse på 15 elevar. I tillegg kjem tilbodet om påbygging til generell studiekompetanse der det er ei klasser med 27 elevar. Alle utdanningsprogramma ved Volda vgs. gir generell studiekompetanse over 3 år, med det unntaket at elevar på Sal og service må ta påbygging til generell studiekompetanse 3. året.

Den underliggjande fagstrukturen er delt i to hovudkategoriar (her presentert med nokre døme på fag):

Fellesfag - fag som alle må ta over 2 eller 3 år etter bestemt mønster, sjå under dei ulike tilboda.

Programfag - fag som er knytte til val av utdanningsprogram:

* Realfag - matematikk, fysikk, kjemi, biologi og informasjonsteknologi

* Språk, samfunnsfag og økonomi - engelsk, tysk, fransk og spansk, sosiologi og sosialantropologi, rettslære, marknadsføring og leiing og samfunnsøkonomi.

* Musikkfag - lytting, satslære, musikklære, komponering, formidling, instrumentalopplæring, kor, samspel mm.

* Mediefag - mediekommunikasjon, mediedesign, medieproduksjon og prosjekt til fordjuping.

* Fag på service og samferdsel - sal, service og tryggleik, administrasjon, økonomi, bedriftsetablering m.m.

Det er eit omfattande fagtilbod skulen kan tilby, og vi har mange fagseksjonar som arbeider tett saman:
* Norsk/Samfunnsfag/Øk.fag - fagrettleiar: Jørund Fet
* Realfag - fagrettleiar: Per Andreassen
* Framandspråk - fagrettleiar: Inge Kvamme
* Service og samferdsel - fagrettleiar: Ingrid Salt
* Musikk - fagrettleiar: Magne Slettevoll
* Medium og kommunikasjon - fagrettleiar: Ståle Hansen
* Kroppsøving - fagrettleiar: Trond Klepp

Ved Volda vidaregåande skule kan du velje mellom følgjande utdanningsprogram/studieretningar:

Påbygging til generell studiekompetanse

Studiespesialisering

Service og samferdsel

Skulebrosjyre

Musikk, dans og drama

Medium og kommunikasjon

  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mars 2010
man tir ons tor fre lør søn
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.