Du som vel service og samferdsel, vil seinare vere den som møter kundane der du arbeider. Du bør derfor vere høfleg, imøtekomande og serviceinnstilt, og du må like å ha med andre menneske å gjere. Du må òg kunne vise respekt for ulike kulturar, tradisjonar og etiske normer.
Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, frå sal til transport. I desse bransjane står kunnskap om lover og forskrifter sentralt. Det same gjer evne til å analysere kva kundane treng, for dermed å kunne foreslå både tradisjonelle og nye løysingar.
Kunne du tenkje deg å lære meir om sal, reiseliv, transport av varer og menneske, kontorarbeid, IKT og tryggleik (vektartenester)? Vg1 Service og samferdsel gjev deg grunnleggjande kunnskap til å velje ei utdanning innanfor eitt av desse yrka.
På Vg2 vil Volda vgs. satse hovudsakleg på Sal, service og tryggleik. (Sjå læreplanar under Vg2.)
Etter fullført Vg2 kan du velje eit tredje år med påbygging til generell studiekompetanse eller å bli lærling i butikkfag, kontor og administrasjon eller tryggleik/vektar.
Volda vidaregåande skule har følgjande tilbod under dette utdanningsprogrammet:
Vg1 Service og samferdsel
Inntakskrav:
Fullført grunnskule
Generell beskrivelse:
Fellesfag (12 timar/veke)
2 Norsk
3 Engelsk
3 Matematikk
2 Naturfag
2 Kroppsøving
Felles programfag (17 timar/veke)
6 Drift og oppfølging
5 Kommunikasjon og service
6 Planlegging
6 Prosjekt til fordjuping
Totalt 35 timar/veke
Læreplan for prosjekt til fordjuping vert fastlagd lokalt.
Vg2 Sal, service og tryggleik
Inntakskrav:
Vg1 Service og samferdsel
Generell beskrivelse:
Fellesfag (9 timar/veke)
2 Norsk
2 Engelsk
3 Samfunnsfag
2 Kroppsøving
Felles programfag (17 timar/veke)
6 Marknadsføring og sal
5 Tryggleik
6 Økonomi og administrasjon
9 Prosjekt til fordjuping
Totalt 35 timar/veke
Læreplan for prosjekt til fordjuping vert fastlagd lokalt.