Medium og kommunikasjon

Du som vel medium og kommunikasjon, bør ha kreative evner og kunne kommunisere med andre både skriftleg og munnleg. I tillegg bør du ha godt fargesyn og vere interessert i IKT og digital teknologi. Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og evne til kritisk tenking og analyse er òg viktig.

Avhengig av kva programområde du vel, gir utdanningsprogrammet yrkeskompetanse eller generell studiekompetanse med høve til vidare studium ved høgskular og universitet. Du vil kunne få arbeid innanfor eit mangfald av yrke i ein bransje der metodar, teknikkar, verkemiddel og verktøy varierer og er i rask utvikling. Volda vgs. gjev tilbod om generell studiekompetanse over 3 år, med 35 timar per veke alle 3 åra.

Volda vgs. var ein av dei 14 skulane som starta opp med denne nye studieretninga i 2000, og den einaste i Møre og Romsdal. Vi har dermed relativt lang erfaring med denne medieutdanninga. Arbeidet i mediefaga er hovudsakleg prosjektbasert, med mykje sjølvstendig arbeid for elevane, individuelt eller i grupper.

Noko som er heilt nytt på MK i Kunnskapsløftet, er faget prosjekt til fordjuping. Dette faget skal m.a. gje elevane moglegheit til å prøve ut enkelte eller fleire sider av aktuelle lærefag innan medieutdanning og få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar i dei ulike medieyrka. Læreplanen skal lagast lokalt på kvar skule, og når faget har heile 6 timar i veka første året og 9 timar andre, seier det seg sjølv at dette er krevjande. MK-lærarane våre har løyst dette på ein framifrå måte ved at 1.- og 2.-klassingane arbeider saman med å fordjupe seg i eitt av fagområda foto, animasjon, multimedia, vev-design, radio, lydstudio og avis.

På MK si eiga heimeside " Arena MK Volda vgs " kan du sjå diverse elevprodukt og få eit innblikk i det elevane arbeider med.

Klikk på peikaren under for å lese ein informasjonsbrosjyre om MK i Kunnskapsløftet.

Info media Kunnskapsløftet

Volda vidaregåande skule har følgjande tilbod under dette utdanningsprogrammet:

Vg1 Medium og kommunikasjon

Inntakskrav:

Fullført grunnskule

Generell beskrivelse:

Fag og timetal på Vg1 MK (1. året):

Fellesfag heitte tidlegare felles allmenne fag.

Programfag heitte tidlegare studieretningsfag.

Fellesfag (12 timar/veke)
2 Norsk
3 Matematikk
2 Naturfag
3 Engelsk
2 Kroppsøving

Felles programfag (23 timar/veke)
5 Mediekommunikasjon
6 Mediedesign og medieuttrykk
6 Medieproduksjon
6 Prosjekt til fordjuping

Totalt 35 timar/veke

Læreplan for prosjekt til fordjuping vert fastlagd lokalt.

Læreplaner:

Læreplanar

Vg2 Medium og kommunikasjon

Inntakskrav:

Vg1 Medium og kommunikasjon

Generell beskrivelse:

Fellesfag (9 timar/veke)
2 Norsk
2 Engelsk
3 Samfunnsfag
2 Kroppsøving

Felles programfag (26 timar/veke)
5 Mediekommunikasjon
6 Mediedesign og medieuttrykk
6 Medieproduksjon
9 Prosjekt til fordjuping

Totalt 35 timar/veke

Læreplan for prosjekt til fordjuping vert fastlagd lokalt.

Læreplaner:

Læreplanar

Vg3 Medium og kommunikasjon

Inntakskrav:

Vg2 Medium og kommunikasjon

Generell beskrivelse:

Fellesfag (25 timar/veke)
10 Norsk
3 Naturfag
5 Matematikk
5 Historie
2 Kroppsøving

Programfag (10 timar/veke)
5 Medium og kommunikasjon
5 Fordjuping i bilde/lyd/tekst

Totalt 35 timar/veke

Læreplaner:

Læreplan

  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.