Studietilbod ved Volda vidaregåande skule
Volda vgs. er no ferdig med overgangsfasen mellom strukturen frå Reform 94 og den nye strukturen som ligg i Kunnskapsløftet, som vart innført på Vg1 hausten 2006. Vi har lagt ut fleire peikarar til stoff om denne nye reforma under Om skulen/Aktuell informasjon.
Skulen har f.t. (11/12) utdanningsprogram for studiespesialisering (ST) med 3 klasser på Vg1 (1. året), 4 på Vg2 og 3 kl på Vg3. I utdanningsprogram for musikk, dans og drama (MD) har vi ei klasse (27 elevar) på Vg1 og Vg2 og Vg3, og i utdanningsprogram for medium og kommunikasjon (MK) har vi ei klasse (28 elevar) på Vg1 og Vg2 og Vg3. På utdanningsprogrammet service og samferdsel har vi ei Vg1-klasse på 15 elevar og ei Vg2-klasse på 15 elevar. I tillegg kjem tilbodet om påbygging til generell studiekompetanse der det er to klasser med 27 elevar, ei for elevar som har fullført Vg1 og Vg2 yrkesfag og ei for elevar med fagbrev. Alle utdanningsprogramma ved Volda vgs. gir generell studiekompetanse over 3 år, med det unntaket at elevar på Sal og service må ta påbygging til generell studiekompetanse 3. året.
Den underliggjande fagstrukturen er delt i to hovudkategoriar (her presentert med nokre døme på fag):
Fellesfag - fag som alle må ta over 2 eller 3 år etter bestemt mønster, sjå under dei ulike tilboda.
Programfag - fag som er knytte til val av utdanningsprogram:
* Realfag - matematikk, fysikk, kjemi, biologi og informasjonsteknologi
* Språk, samfunnsfag og økonomi - engelsk, tysk, fransk og spansk, sosiologi og sosialantropologi, rettslære, marknadsføring og leiing og samfunnsøkonomi.
* Musikkfag - lytting, satslære, musikklære, komponering, formidling, instrumentalopplæring, kor, samspel mm.
* Mediefag - mediekommunikasjon, mediedesign, medieproduksjon og prosjekt til fordjuping.
* Fag på service og samferdsel - sal, service og tryggleik, administrasjon, økonomi, bedriftsetablering m.m.
Det er eit omfattande fagtilbod skulen kan tilby, og vi har mange fagseksjonar som arbeider tett saman:
* Norsk - fagkoordinator: Ragnar Didrik Osdal
* Samfunnsfag - fagkoordinator: Aase Norunn Digernes
* Realfag - fagkoordinator: Per Torheim
* Framandspråk - fagkoordinator: Ragnhild Oterholm
* Øk. fag, service og samferdsel - fagkoordinator: Arnhild Grønnevik
* Musikk - fagkoordinator: Kjetil Eiksund
* Medium og kommunikasjon - fagkoordinator: Ståle Hansen
* Kroppsøving - fagkoordinator: Kaisa Holsvik
Ved Volda vidaregåande skule kan du velje mellom følgjande utdanningsprogram/studieretningar:
Musikk, dans og drama |
Studiespesialisering |
Service og samferdsel |
Medium og kommunikasjon |
Skulebrosjyre |
Særskilt tilrettelagt opplæring (TK) |
Påbygging til generell studiekompetanse |