Publisert 12. november 2009 16:44:56 av Inge Kvamme
Onsdag 11. november var elevane på Vg1 og Vg3 på yrkesmesse/karrieredag på Høgskulen i Volda og i Herøyhallen i Fosnavåg. I tillegg var elevane våre på Vg1 og Vg2 Service og samferdsel guidar for elevgruppene rundt til dei forskjellige aktivitetane ved Høgskulen.
Om lag 340 elevar var først på Høgskulen for å orientere seg om studietilboda der, i tillegg til at Høgskulen i Ålesund og dei vidaregåande skulane hadde stands der.
Opplegget på Høgskulen varte frå 09:00 til 12:00, og så fekk elevane lunsjpakkar og vart frakta i buss til Herøyhallen. Der var det så yrkesmesse frå 13:00 til 16:00. Bussane var attende på skulen først ca. kl. 17:00, m.a.o. ein svært lang dag, for lang etter mange si meining.
Likevel var det tydeleg at det var mange aktivitetar og orienteringar på begge stadane som var både engasjerande og interessante.
Under har vi lagt ut ein presentasjon med store bilete frå dagen.
Foto Høgskulen: Inge Kvamme
Foto Herøyhallen: Lars Ørstavik