Volda vgs. klare for landsfinalen i volleyball-NM

Volda VGS arrangerte fredag distriktsmeisterskap i volleyball for vidaregåande skular.
Det vart meldt på lag i 3 klasser; herre, dame og mixlag.
I herreklassen gjekk Møre Folkehøgskule direkte til landsfinalen som einaste påmelde lag.

I dameklassen gjekk Ålesund VGS til topps av dei 3 påmelde laga. Fagerlia VGS tok andreplassen og Sykkylven VGS 3. plassen.

Størst spenning knytte det seg til mixklassen der det var heile 10 påmelde lag. Volda gjorde reint bord og vann alle sine 6 kampar 2-0. Etter ein litt treig start og kanskje litt nervøsitet i første kampen mot Sykkylven, så flaut det stadig betre framover mot finalen. Ålesund var i realiteten sjanselause sjølv om det stoppa litt opp for Volda heilt mot slutten av kampen. Volda VGS er no kvalifisert til landsfinalen som går i Randaberghallen 28.-30. januar. Der vil laget møte knallsterk konkurranse mellom anna frå Toppvolley og fleire andre vidaregåande skular som rekrutterer frå eliteserielaga rundt om i landet. Tekst: Trond Hjelseth

Klikk her for å sjå bilete frå finalen og bronsefinalen. Foto: Inge Kvamme


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.