Publisert 08. april 2011 10:18:43 av Inge Kvamme
Skulelaget Vårvon feira torsdag 24. mars 100-årsjubileum litt på etterskot. Laget vart starta hausten 1910 og er truleg det eldste framleis aktive kristne skulelaget i verda.
Hundreårsfesten gjekk føre seg i festsalen ved Volda vidaregåande skule, med song, dans og talar. Silje Karin Simonnes, Marie Bø Hunnes og Gunnhild Simonnes var forsongarar og Kjetil Hallaråker, Mads Adrian Simonsen og Elias Vatnøy stod for musikken. Einar Reite og Simon Simonnes framførte ein sprek bibeldans.
Lagsarbeidar Bjørn-Inge Aurdal gav eit attersyn over arbeidet til Vårvon.
Laget vart altså skipa allereie hausten 1910, same året som Volda vidaregåande skule, den gongen Volda Private Millomskule og Gymnasium, starta opp med heilårsdrift. Initiativtakarane var Johannes Gausdal og Nils Magerøy. Laget fekk namnet "Vårvon" i 1933 og fekk ei fastare organisering, med styre i tillegg til leiar og medlemsregister.
På 1960- og 70-talet var laget svært aktivt. Vårvonkoret vart starta i 1964, under leiing av Audun Myklebust. Frå 1971 var Per Oddvar Hildre, "PROTS", dirigent for koret, som etter kvart fekk namnet SKRUK.
I dag har skulelaget samlingar i midttimen måndag. På desse møta har dei sosialt samvær, andakt og song. Hanna Aksnes er leiar, og seier at 10-20 elevar kjem på møta.
Vi ønskjer 100-åringen lykke til vidare!
Klikk her for å opne ein presentasjon frå jubileumsfesten. Foto: Ingvild Runde