Publisert 09. september 2009 09:07:05 av Inge Kvamme
Torsdag 3. september arrangerte vi valdebatt i Voldahallen for alle elevane. Dei fleste partia var representerte, og det var god stemning og temperatur i salen.
Valmøtet var, som vanleg i valår, ein del av opplæringa i vidaregåande skule for å medverke til at elevane skal bli samfunnsmedvitne borgarar og delta aktivt i demokratiet. I faget samfunnsfag i 1. og 2. klasse hadde elevane budd seg godt til debatten, m.a. med å førebu spørsmål til representantane for partia.
Årets debatt må seiast å vere ein av dei absolutt betre, med jamt gode innlegg frå panelet og særleg mange gode og engasjerte spørsmål frå elevane. Mange lærarar var imponerte og stolte av at vi har 1.- og 2.-klassingar som syner eit så stort engasjement og eit så høgt refleksjonsnivå.
Neste ledd i valopplegget er skulevalet 8. september, der alle elevane skal stemme på det partiet dei er mest samd med. Sjå eige nyheitsoppslag.
Under finn du ein presentasjon frå valmøtet i Voldahallen. Foto: Lars Ørstavik
Valmøte i Voldahallen 020909