Publisert 15. oktober 2008 12:46:56 av Inge Kvamme
Helen Longva Fet frå Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal vitja klasse 1SA1 og 2SA1 og informerte om ungdomsbedrift som læringsmetode.
Ho gav tips til gründerane om kva dei måtte passe på i etableringa av si eiga bedrift . Ei grundig marknadsundersøking og utarbeiding av ein forretningside og forretningsplan var viktig når ei ny bedrift skulle sjå dagens lys.
Elevane får moglegheita til å starte og å drive si eiga bedrift og ei ungdomsbedrift kan ha ei omsetning på inntil 140 000 kr. Ungdomsbedriftene kan ikkje ta opp gjeld, men sel andelar på 100 kr pr stykk for å skaffe seg startkapital til innkjøp eller produksjon av varer.
Dei fleste europeiske land tilbyr ungdomsbedrift som læringsmetode for elevar på vidaregåande og det vert kvart år arrangert internasjonale handelsmesser m.a. i Ungarn og Kroatia, der ungdomsbedrifter frå Norge deltek .
Møre og Romsdal har si eiga fylkesmesse for ungdomsbedrifter og der kan ungdomsbedrifter frå heile fylket konkurrere i ulike klassar, til dømes kva bedrift som har best logo, reklamefilm, nettstad, utstillingsstand eller rekneskap. Det vert og arrangert norgesmeisterskap for ungdomsbedrifter kvart år.
Til slutt oppmoda Helen Longva Fet alle om å besøke Ungt Entreprenørskap si heimeside www.ue.no
Under to bilete frå besøket fredag 3. oktober. Foto: Steinar Holstad