Unge filmskaparar

Elevar i 2MK har denne våren arbeidd med film i tverrfagleg prosjekt i faga produksjon, design og kommunikasjon. No får dei skryt for gode bidrag på dokfilmfestivalen!

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen går av stabelen i desse dagar, og frå kl. 10 under elevdagen onsdag 30. april vil elevar frå Volda vidaregåande skule, Fagerlia vidaregåande skule og Møre Folkehøgskule vise fram filmane sine på storskjerm på Rokken.

Under finn du bilete frå "mre.no" av 2MK-elevar som er blant filmskaparane som skal vere med på framsyninga.

F.v. Ida Vartdal, Anne Marte Myklebust og Joachim Vartdal. Foto: Hanne Marie Molde

Klikk her for å lese ein artikkel om saka på "mre.no"

Sunnmørsposten har rosande omtale av Volda vgs. sine bidrag. Les her!

Kjell Ove Bjørge, som gjekk i 3MK ved Volda vgs. i fjor, fekk pris for beste elevfilm med dokumentaren "Alt". Les meir her!

Klikk på biletet under for å gå inn på heimesida til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.