Publisert 17. februar 2012 15:12:49 av Inge Kvamme
Musikalen "Fame" er den 16. i rekkja på Volda vidaregåande skule, og er historie få timar etter at dette nyhendet er lagt ut på heimesida.
Fire fulle hus på Ørsta kulturhus er utselde og med ei elevførestilling i tillegg, blir det til saman 1.500 tilskodarar.
I tillegg til den kommersielle suksessen, gjekk "Fame" klart inn i rekkja av svært vellukka musikalar. Både kor, orkester og soloprestasjonar var på eit jamt høgt nivå, til dels på nasjonalt nivå. Noko ein spesielt la merke til i denne musikalen, var det høge nivået på dans/rørsler og skodespel.
Midt oppe i all utfaldinga av kreativitet kvilte det eit visst vemod over både elevar og lærarar, særleg elevane i 3. klasse musikk. Guro Vartdal Håvoll, som skulle ha gått i denne klassa, omkom på Utøya 22. juli 2011. I programheftet er det ei minneside for henne.
Medverknaden frå medium og kommunikasjon vart teken til eit nytt nivå med den digitale bakveggen, slik at ein kunne styre både lyd og lys på medieinnslaga heildigitalt. Elles står medielinja som vanleg for all dokumentasjon og PR i samband med musikalen.
Men det tverrfaglege samarbeidet stoppa ikkje med dette; utdanningsprogram for service og samferdsel stod som vanleg for musikalkafé i pausane.
Musikalen ved Volda vidaregåande er altså, i tillegg til å vere musikklinja sit flaggskip, eit tverrfagleg prosjekt som verkeleg gir god merkevarebygging for skulen!
Vi takkar involverte elevar og lærarar for ein fantastisk innsats!
På premieren 15. februar vanka det både lovord og blomar til dei involverte frå ordførarane i Volda og Ørsta og vår eigen rektor.
Eit eksempel på bruken av den digitale veggen, der Anna Elise Vadset fortel om førebuingar og forventningar i samband med musikalen 2012.
Her kan du sjå store bilete frå premieren.
Vi har også lagt ut nokre bilete frå 1. akt av generalprøva. Klikk her!
Sunnmørsposten hadde omtale av musikalen fredag torsdag 16. februar og lokalavisene Møre og Møre-Nytt hadde svært rosande omtalar laurdag 18. februar.
I tillegg har NRK Møre og Romsdal lagt ut tekst, lyd og bilete frå musikalen. Klikk her!
Vi viser elles til medielinja si musikalside, klikk på biletet under.