Språk opnar dører 2010

Torsdag 16. desember arrangerte Fagerlia og Volda vidaregåande skular for andre gong ein rekrutteringsdag for framandspråk på Høgskolen i Ålesund.

Over 200 elevar frå Vg1 studiespesialisering (allmennfag) frå dei to skulane deltok, saman med ca. 10 lærarar. Vi fekk tilskot frå Fremmedspråksenteret, som dekte leige av to bussar og lunsj for alle deltakande.

Program for dagen:

10:00-11:30 var det plenumsøkt i auditorium Fogdegården. Etter velkomen frå begge skulane, hadde desse innlegg:

  • Ingrid Rønstad, seniorrådgjevar Innovasjon Norge
  • Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar Maritimt Forum Nordvest
  • Alexander Langø, salssjef Norway Pelagic

11:40-12:10: Gratis lunsj i kantina

12:15-13:10: Separate økter:

  • Tysk: Grethe Loe, salssjef Hjellegjerde A/S og Kjell Standal, tysk honorærkonsul
  • Fransk: Gunnar Haagensen, styreformann Jangaard Export A/S og fransk honorærkonsul
  • Spansk: Jon Hallvard Roaldsnes, salssjef Marine Harvest og Janne Strømmen, internasjonal pressekontakt Stokke A/S 

Innlegga bidrog på kvart sitt vis å få fram kor viktig det er med god språkkompetanse og kulturkunnskap når ein skal samhandle med kontaktar i utlandet. Det vart også sagt klart frå om at:

  1. Vi nordmenn er ikkje så gode i engelsk som vi trur sjølve.
  2. Engelsk er ofte ikkje nok når ein skal samhandle med firma frå t.d. Tyskland, Frankrike og Spania.
  3. Ein står godt rusta på arbeidsmarknaden om ein vel framandspråk programfag i kombinasjon med realfag eller økonomi-/samfunnsfag.

Konklusjon: Ein nyttig dag, som vi satsar på skal bli ein årviss tradisjon, med nokre justeringar.

Klikk her for å sjå nokre bilete frå språkdagen.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.