Publisert 23. juni 2008 12:23:35 av Inge Kvamme
Frå hausten 2008 kan dei fleste elevar i vanleg vidaregåande opplæring søkje om stipend og lån på nett. For å kunne søkje på nett må du ha ungdomsrett, du må gå på ein offentleg vidaregåande skule, og du må ha takka ja til ein skuleplass på www.vigo.no.
1. UTSTYRSSTIPEND
Byrjar du i Vg2 eller Vg3 til hausten? Har du ungdomsrett, kan du søkje om utstyrsstipend frå Lånekassen så snart du takkar ja til opptaket. Stipendet får du same kor mykje foreldra dine tener.
Konkurranse – vinn konsertbillettar
Søkjer du før 15. september, er du med i trekninga av 10 gåvekort på 1 000 kroner frå Billettservice. Gåvekortet kan brukast over heile landet, og på alle arrangement på Billettservice. Les meir om konkurransen her.
Slik søkjer du om stipend frå Lånekassen
1. Logg inn på www.vigo.no når du har fått opptak, der finn du nettsøknaden til Lånekassen.
2. Sjekk Dine sider på www.lanekassen.no etter ca. ei veke for å sjå resultatet. Om du ikkje har søkt stipend frå Lånekassen før, får du eit velkomstbrev med PIN-kode i posten.
3. Når søknaden er behandla, kjem svaret (stipendmeldinga) til skolen. Hent brevet der når skulen startar til hausten.
4. For å få pengane til kontoen din, må du skrive under på brevet (stipendmeldinga) og sende det til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under på brevet.
Les meir om utstyrsstipend her.
Ikkje alle får utstyrsstipend
Lærlingar, lærekandidatar på alle årstrinn og elevar i Vg1 har ikkje rett til utstyrsstipend. Elevar i Vg1 får eit læremiddelstipend som avheng av økonomien til foreldra. Elevar utan ungdomsrett har heller ikkje rett til utstyrsstipend.
2. GENERELT OM STIPEND OG LÅN
Les alt om stipend og lån frå Lånekassen her .