Skulevalet 2009: solid raud-grønt fleirtal

Med sterk drahjelp av Arbeidarpartiet, og solid oppslutning for SV og Senterpartiet, har regjeringspartia klart fleirtal på Volda vidaregåande skule ved årets skuleval tysdag 8. september.

Dei tre regjeringspartia har totalt 59% av stemmene, med hjelp av partiet Raudt er dei oppe i 63,1%.

Det er Arbeidarpartiet som er den store vinnaren med 29,1% av stemmene (113 stemmer). Det er ein framgong frå forrige stortingsval (2005) på 6,4%. Det er også det beste resultatet Ap har hatt gjennom dei siste 18 åra vi har statistikk tilgjengeleg for skulevala. Det er klart det største partiet i år.

Men Framstegspartiet har og gjort eit flott val, 17,5 % (68 stemmer) er det beste resultatet nokon gong på Volda vgs. Framgongen frå 2005 er på 0,9%. Det er no det tredje største partiet på Volda vgs.

Det partiet som har gått mest tilbake samanlikna med 2005 er SV, frå 27,7% til 19,6%. Og samanlikna med kommunevalet for to år sidan er tilbakegongen endå større, frå 34,1%. Men SV er framleis det nest største partiet blant elevane på skulen (19,6%, 76 stemmer)

Høgre får 7% av stemmene (27 stemmer), framgong frå stortingsvalet i 2005 (2,1%), men tilbakegong frå 2007 (12,2%).

Venstre har også framgong og er no oppe i 5,4% med 21 stemmer. Vi må tilbake til 2001 for å finne eit betre resultat for dette partiet.

Endå betre gjer Senterpartiet det. Ikkje sidan 1995 har Sp gjort eit betre val på Volda vgs. Ved dagens val fekk partiet 40 stemmer (10, 3%)

Det er 13 elevar (3,4%) som har stemt på Kristeleg Folkeparti, og det er det svakaste resultatet for dette partiet gjennom dei 18 åra vi har tilgjengeleg statistikk.

Nokre fleire elevar stemte på Raudt (4,1%, 16 stemmer). Det er tilbaskegong frå stortingsvalet i 2005 (5,7%), men framgong frå siste val i 2007 (1,7%). Ser vi på historikken har partiet hatt svært vekslande oppslutning, frå 14,8% i 1997 til 1,7% for to år sidan.

Sju elevar gav Kystpartiet si stemme. Det gir ein oppslutnad på 1,8% - det dårlegaste resultatet som dei nokongong har hatt.

Demokratane får 2 stemmer, det same gjer Kristent Samlingsparti.

Klikk her for å sjå ei samla oversikt over skulevalet 09 ved Volda vgs.

Til slutt takkar vi for vel gjennomført skuleval. Lukke til med det "ekte" valet på måndag! Tekst: Jørund Fet

Under nokre bilete frå valet. Foto: Lars Ørstavik

Klar,

ferdig,

gå!

Godt val!


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.