Publisert 05. september 2011 19:46:53 av Inge Kvamme
Skulevalprosessen 2011 starta med valtorg i Voldahallen 25. august. Pga. massakren på Utøya, vart ungdomspartia samde om å ikkje ha skulevaldebatt i år.
Mange parti stilte opp, og diskusjonen gjekk livleg ved dei ulike standane.
Måndag 5. september var det så skuleval. Elevane kom klassevis til stemmelokalet ved vestibylen, der avdelingsleiar Jørund Fet var valstyrar.
Både vår eiga nettavis Skulenytt og Nærsynet var innom for å intervjue elevar og valstyrar.
Heimesida var innom og tok bilete på både valtorget og skulevalet. Klikk her.
Tekst og foto: Inge Kvamme
Her kan du sjå resultatet av skulevalet ved Volda vgs 2011. Ikkje uventa vart Arbeidarpartiet den store vinnaren denne gongen.