Skulestart med minnestund

Torsdag 18. august var det skulestart med samling for alle elevar og tilsette i Voldahallen.
Samlinga starta med minnestund for Guro Vartdal Håvoll, som omkom på Utøya 22. juli.

Etter tale av rektor og eitt minutts stille, framførte medelevar av Guro "Ein fin lite blome" og "Til ungdommen" vart framført som allsong med musikklærarar som forsongarar.

Pressa var diskret til stades.

Etter denne fine minnestunda måtte livet gå vidare, med opplesing av elevar i alle klasser og marsjering med kontaktlærarar til respektive klasserom.

Under nokre bilete, tekne av Lars Ørstavik.

Rektor talar, med bilete av Guro og levande ljos på bordet til venstre.

Medelevar framfører "Ein fin liten blome".

Musikklærarar er forsongarar på "Til ungdommen".

Pressa var til stades, på respektfull avstand.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.