Publisert 20. februar 2009 13:32:38 av Inge Kvamme
Måndag 9. februar møtte elevar frå 2SA (service og samferdsel) ordføraren, næringskonsulenten i kommunen og to journalistar frå Møre og Møre-Nytt på Volda Samfunnshus.
Næringskonsulent Per Ernst Lundberg presenterte hoppid.no. Dei hadde forskjellige kurs som elevane kunne ta, der dei fleste var gratis. Kursa gjekk for det meste ut på det som ein lærer på Service og samfedsel, som marknadsføring og økonomi. Journalistane intervjua elevane og tok bilde. SA-elevane presenterte bedriftene sine og snakka om kva dei har lært og kva mål dei har framover. Dei snakka også litt om korleis det var å starte bedrift, drive den og halde den oppegåande. Dei viste fram produkta sine og snakka litt om korleis dei kom fram til akkurat desse. Då begge bedriftene hadde presentert seg, fikk dei kvar sine koppar og brosjyrer som ei helsing frå kommunen.
Under eit bilete frå presentasjonen, med næringslivskonsulent Per Ernst Lunberg til venstre og ordførar Ragnhild Aarflot Kalland til høgre.
Til slutt presentasjonen til BC'n ub. Klikk på peikaren under.