Publisert 12. november 2010 12:48:25 av Inge Kvamme
Den mest omfattande posten på jubileumsprogrammet var open skule kl. 18-21 onsdag 10. november. Det starta med foreldremøte for 10. kl. i Volda og Ørsta, og heldt deretter fram med eit omfattande program som du finn i detalj lenger ned på nyheitssida.
250-300 personar møtte fram i alt, og vi seier oss godt nøgde med både frammøtet og opplegget.
Klikk her for å sjå ein presentasjon frå den opne skulekvelden. Foto: Inge Kvamme og Lars Ørstavik (L.Ø.)
Her kan du opne presentasjonen frå foreldremøtet.