Publisert 16. mars 2011 15:54:47 av Inge Kvamme
Onsdag 16. mars var det open dag ved Volda vgs. for alle 9.-klassingane frå Volda og Ørsta kommunar, i alt ca. 300 elevar. Open dag går inn som ein del av faget "utdanningsval" i 8.-10. klasse. I 10. klasse skal elevane prøve ut to utdanningsprogram over to dagar.
Dagen starta med at rektor Trond Hjelseth ønskte 9.-klassingane frå Volda velkomne i festsalen, og så orienterte fagkoordinator Ståle Hansen om medielinja. Etterpå var det omvising til aktivitetar innan studiespesialisering og sal og samferdsel med elevar som guidar. Så fekk dei besøkjande seg ein matpause med gratis frukt, før besøket vart avslutta med orientering om musikklinja og konsert i festsalen. Konserten var sett saman av fem songar frå årets musikal, "Hello/Goodbye".
Etter lunsj var det ørstingane sin tur å gå gjennom det same programmet. Programansvarleg var rådgjevar Kristian Ingebrigtsen.
Det var berre blide ansikt å sjå, så det tyder på at dei besøkjande 9.-klassingane var vel nøgde.
Under ein presentasjon med bilete og litt tekst frå den opne dagen. Foto: Inge Kvamme
Klikk her!