"One night stand" torsdag på Volda vgs

Russestyret ved Volda vidaregåande arrangerer torsdag 5. mai ein kampanje i samarbeid med Røde Kors Ungdom og helsestasjonen for ungdom som skal setje seksuell helse på dagsorden. Kampanjen vert kalla "One night stand".

Det er prevensjonssjefane i russestyret (Espen André Breivik og Ida-Therese Egset) som står i spissen for opplegget, som vil gå føre seg i vestibylen i matfri og midttimen (frå kl.11.15 og utover). På standen kan russ og andre elevar ta "kondomlappen" ved å gjennomføre ei teoriprøve, oppkøyring og mørkekøyring, ein praktisk måte å lære om rett kondombruk!

Norsk ungdom er nemleg verdsmeistrar i uverna sex, noko som fører til høge smittetal av spesielt klamydia. Sidan norsk seksualundervisning ikkje er noko å skryte av, etter russen si meining, tek dei saka i eigne hender (bokstavleg tala!)

Sjekk ut kampanjesida: www.likerikke.no og www.rodekorsungdom.no

Under ein liten biletreportasje frå opplegget i midttimen torsdag 5. mai. Foto: Inge Kvamme

Mange møtte fram for å lære.

Elevar i aksjon med kondom.

Helsesøster Lisbet Hoggen Totland var også med på "One night stand".

Mørkekøyring, utført med suksess.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.