Publisert 01. februar 2011 14:00:17 av Inge Kvamme
28.-30. januar var det noregsmeisterskap i volleyball for vidaregåande skular på Randaberg. Laget til Volda vgs., som vart distriktsmeistrar i desember, vart også noregsmeistrar i miksklassa. Odd Magnus Øvregård fekk dessutan bestemannsprisen i klassa. Vi gratulerer!
Vi hadde ein pressekonferanse tysdag 1. februar, med "Møre" og heimesida til stades. Rektor Trond Hjelseth kunne fortelje at det er 26 år sidan sist elevar ved Volda vgs. tok den gjeve tittelen, den gongen med han sjølv på vinnarlaget. Han var nemleg elev på skulen 1982-1985.
Under nokre bilete frå seansen. Foto: Inge Kvamme
Ein stolt og glad rektor syner fram vinnarpokalen.
Vinnarlaget og rektor Trond, sjølv som sagt tidlegare spelar og no trenar.
Odd Magnus Øvregård tek imot bestemannsprisen.
Vinnarlaget. Klikk på biletet for å sjå ein større versjon med namn.