Publisert 21. oktober 2009 14:51:06 av Inge Kvamme
I førre veke opplevde elevar på Volda ungdomsskule og vidaregåande merkelege lappar, mystiske bluetooth-meldingar og minnepennar med ein skremmande film på. Den same filmen vart vist i festsalen på Volda vidaregåande.
Disk i verdsrommet
-Meldingane inneheldt bilete, lydklipp og video. Desse filene i tillegg til fleire vart i 1977 sende opp i verdsrommet på ein disk. Det var menneskeheita på den tida som bestemte seg for å sende opp denne disken for å fortelje eventuelle romvesen eller menneska i framtida korleis jorda er. Men denne disken inneheldt ikkje sanninga om jorda, fortel Espen André Breivik frå Røde Kors Ungdom. Difor skal fem ungdomsorganisasjonar (Røde Kors Ungdom, Press, Changemaker, Flyktninghjelpen/speideren og Norsk Folkehjelp ungdom) lage ein ny disk som skal opp i verdsrommet.
Må tore å vere ærleg
Denne felleskampanjen er kalla "Involve Yourself", og har som mål å engasjere ungdom i Noreg. Føremålet bak årets kampanje er at ein må tore å innrømme at jorda ikkje er perfekt og ikkje pynte på sanninga for å kunne forandre situasjonen. -Den tidlegare disken som var sendt opp inneheldt ingen informasjon om at milliardar av menneske lever i fattigdom, menneske flyktar frå krig, blir torturerte eller selde, og jordas gode er urettferdig fordelte, fortel Toril frå nyoppstarta Press i Volda.
Du bestemmer innhaldet
Den nye disken skal bli sendt rundt til verdsleiarar og andre med makt i verda og deretter opp i rommet, som eit bevis på at ungdom i heile verda ynskjer forandring. Det nye innhaldet skal vere positive ting ved jorda, kva som kan bli betre, håp og krav for framtida m.m. Alle kan bidra med dette innhaldet og eit bilete av seg sjølv på kampanjesida involveyourself.com , der ein også kan sjå filmen som vart vist på vidaregåande. -Sjølv synest eg det er utruleg kult å kunne signere noko så historisk med ansiktet mitt, fortel Breivik.
Global kampanje
"Involve Yourself" er ein kampanje finansiert av NORAD og skal engasjere norsk ungdom, men i år er målet ein global kampanje, der heile verda bidreg med innhald til den nye disken. Kampanjenettsida har alt fått inn over 500 ansikt, og fleire av dei er frå andre land enn Noreg. Kvar ungdomsorganisasjon har fleire frivillige over heile landet som arrangerer happenings for å sette fokus på kampanja, såkalla mobagentar (mobliseringsagentar). I Volda er det Espen André Breivik frå Røde Kors Ungdom og Toril Barstad frå Press som er mobagentar. Organisasjonane lokalt har fått med seg andre medhjelparar til arrangementa.
Klikk på biletet under for å sjå ein YouTube-video om saka:
Klikk på biletet under for å sjå eit innslag på Nærnett om arrangementet i festsalen:
Involve Yourself!