Publisert 23. januar 2012 13:35:01 av Inge Kvamme
To nye musikkbingar vart tekne i bruk hausten 2011, til samspel- og instrumentundervisning og til øving individuelt eller i grupper.
Tidlegare hadde ein tilsvarande aktivitetar i den gamle vaktmeisterbustaden og i festsalen. Men tilhøva der var ikkje gode, og det vart også ein del støy for både naboar og resten av skulesamfunnet.
Musikkutstyrsordningen skal saman med andre ordningar legge til rette for og utvikle eit mangfald av norsk rytmisk musikk. Vi har søkt dei om tilskot og fått kr. 200.000,- til sjølve bingane og 18.945,- til utstyr.
Volda vidaregåaande skule vil med dette rette ei stor takk til Musikkutstyrsordningen for desse viktige tilskota.
Klikk her for å lese meir om Musikkutstyrsordningen.
Under eit bilete av dei to bingane, som ligg diskret midt mellom øvre bygget og Voldahallen.