Musikalen 2011

22. februar var det premiere på årets musikal frå Volda vidaregåande skule. Musikalen heiter i år “Hello/Goodbye”, og er inspirert av Beatles-hyllesten “Across the Universe” (Julie Taymor, 2007).

 Manusforfattar og regissør er høvesvis Jan Terje Eidset og Bente Elin Johnsen, båe veteranar i musikalsamanheng ved Volda vgs.

Historia handlar om relasjonar, og er tradisjonen tru fortalt omkring ei kjærleikshistorie, ispedd både krig, intriger og anna dramatikk.

Årets musikal er den 15. i rekkja, og er eit forrykande show med song, dans, filmsekvensar og visuelle effektar, akkompagnert av ei fantastisk hit-parade med Beatles-låtar!

Du kan følgje den spanande prosessen fram mot premieren på ei eiga musikalside. Der finn du foto, video og nyhende om musikalen. Det var m.a. photo shoot med hovudrolleinnehavarane måndag 31. januar:

F.v.: Gunnhild Simonnes (Lucy), Sondre G. Arnesen (Max), Eivind L. Grimstad (Jude), Ida-Therese Egset (Sadie). Foto: fotogruppa 2MK

Klikk på biletet under for å opne musikalsida.

Tysdag 15. mars var det ekstraframsyningar på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik, ei på dagtid for ungdomsskuleelevar og ei på kveldstid. Desse var også svært vellykka, og til saman hadde "Hello/Goodbye" dermed 7 framsyningar med til saman nesten 2.500 tilskodarar. Vi gratulerer elevar og lærarar på musikk og media for ein flott gjennomført musikal!

Klikk her for å lese rosande omtale av framsyninga i Vikebladet.

Under nokre bilete frå Sjøborg. Foto: Inge Kvamme

Både premieren tysdag 22. og framsyningane onsdag 23. og torsdag 24. februar var svært vellykka, og "Møre" og "Møre-Nytt" hadde rosande omtale torsdag 24. februar. Her finn du artikkel på Nærnett.

Under eit bilete frå premieren. Foto: Fotogruppa 2MK

Nokre bilete frå generalprøva tysdag 22. februar:
Foto: Inge Kvamme

Sunnmørsposten hadde fin omtale og bilete/video frå generalprøva. 

To bilete frå fotogruppa 2MK:

Eivind og Gunnhild etterliknar ein scenesituasjon.

Markus Saunes (Daniel) og Gunnhild øver på rollene sine.

Sidan det er 15-årsjubileum for musikalane i år, tek vi med heile lista:

1997: "West Side Story"
1998: "Les Miserables" og "Miss Saigon"
1999: "Hair" og "The Phantom of the Opera"
2000: "Fame" og "The Beauty and the Beast"
2001: "Chess" og "Mamma Mia"
2002: "Kristina från Duvemåla" og "Heal the World"
2003: "Which Witch"
2004: "Moulin Rouge"
2005: "Grammatikk og kjærleik" (om livet til Ivar Aasen)
2006: "Broadway Story"
2007: "Ringaren"
2008: "The World of Oz"
2009: "Killer Queen"
2010: "Moon Walker"
2011: "Hello/Goodbye"


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.