MK-REUNION/MK-OSKAR 15. APRIL

Fredag 15. april var det "dobbelfest" på Volda vidaregåande skule, med både 10-årsfeiring av medielinja og MK-Oskar med kåring av dei beste produkta innanfor ulike sjangrar.

Alle tidlegare elevar og lærarar var inviterte til denne festkvelden.

Før mat var det tilbakeblikk og underhaldning, og etter ei matøkt i den flotte vestibylen, starta prisutdelinga, med framsyning av smakebitar.

Juryformann var musikar (singer/songwriter) Egil Olsen, og i juryen sat elles grafisk designar Rune Fløtre, animatør Linda Fagerli Sæthren og lærar på høgskulen og utdanna fotograf Gaute Hareide.

Vinnarane var:

  • Ida-Marie Fiskaa, Julie Støyle og Håvard Hovde for beste kortfilm
  • Susanne Olsen for beste naturfoto og beste "ymse foto"
  • Arve Båtevik for beste animasjonsfilm
  • Hannah Miriam Kolås for beste avisartikkel
  • Malene Christine Vatnehol, Lene Myklebust, Karina Petrova og Edel Susann Bjørkedal for beste design
  • Maris Mänd for beste lydproduksjon
  • Sunniva Botn Heltne for beste portrettfoto
  • Eirik Rabben Igland, Benjamin Ulstein og Martin Håndlykken for beste webside
  • Ingrid Heltne for beste dokumentarfilm
  • Lars Arve Bratteberg for beste musikkvideo
  • Ole-Martin Bratteberg, Frida Løfoll og Maria Sætre Kjelkenes for beste reklamefilm
  • Steven Midtgård for "tiårets beste produkt" (animasjonsfilmen "The Seed")

Vi gratulerer vinnarane med prisane og medielinja med ein flott gjennomført fest!

 Her finn du ein presentasjon frå festen.
Foto: Ingrid Heltne og Inge Kvamme


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.