Mentorgrupper for matematikk i Volda og Ulsteinvik

Farid Nolen
Tysdag 17. februar var elevar frå Vg2 og 9. klasse samla for å arbeide med matematikk i mentorgrupper. To Vg2-elevar og fire ungdomsskuleelevar utgjer ei mentorgruppe som skal arbeide i lag dette skuleåret og neste. Arbeidet er frivillig, sjølvgåande og skal gå føre seg etter skuletid. Gruppene avgjer sjølve kor ofte dei skal møtast.

 

Elevane hadde med lærebøker og utstyr som til ein vanleg matematikktime.

Farid Nolen og Ismail Pelaseyed frå Gøteborg deltok i oppstarten med rettleiing og fagleg hjelp.

Vi var til stades på oppstartmøtet i biologirommet på Volda vgs., med elevar frå Volda usk., Ørsta usk., Ulstein vgs. og Volda vgs. Etter innleiing av Guttorm Ulla frå NHO hadde Farid og Ismael gode og engasjerande innlegg, og fekk etter kvart ein god dialog med elevane omkring t.d. val av matematikk. Til slutt var det gruppearbeid i mentorgruppene.

Under nokre bilete frå oppstarten i Volda. Foto: Inge Kvamme

PROGRAM FOR DAGEN

09:30: Oppstart i Volda (max 2 timar)
5 Vg2 frå Volda vgs. og 8 frå Volda usk.
2 Vg2 frå Ørsta vgs. og 4 frå Ørsta usk.
2 Vg2 frå Ulstein vgs. og 4 frå Ørsta usk.

12:30: Oppstart i Ulstein (max 2 timar)
11 Vg2 frå Ulstein vgs. og 20 frå Ulstein usk.

14:30: Matematikktime med Vg3 Ulstein vgs.

15:15: Slutt for dagen

Interesserte lærarar må gjerne vere med i oppstarten. Men det er ikkje lærarar som skal drive dette. Gruppene skal vere sjølvgåande, men det vil vere fint om ein lærar på kvar skule har ein viss kontakt med "sine" elevar.

Torsdag 5. mars kl. 15 er det oppstart for arbeidet i mentorgruppene ved Volda vgs.

Det er NHO som står bak opplegget, som dei kallar "Kunnskapsturnéen". Denne turneen har besøkt 30 stader i Noreg og snakka framfor og med nærare 12000 unge mellom 14 og 19 år. Meir om saka i NHO sitt nettmagasin: http://www.nho.no/kompetanse-og-utdanning/supermentoren-article20543-56.html.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.