Meningokokkvaksine til russen

Etter råd frå Folkehelseinstituttet tilbyr helsestasjonen i Volda vaksine mot meningokokksjukdom, på grupperom i 3. etasje ved Volda vidaregåande skule.
Helsestasjonen anbefaler alle å vaksinere seg!

Vaksinasjonsdagen blir torsdag 2. februar.

Vaksineringa vil bli på grupperomma i 3. etasjen i øvre bygget.

Vaksina kostar kr. 500,-

NB! VAKSINA MÅ BETALAST KONTANT PÅ VAKSINASJONSDAGEN!

Risikoen for å utvikle meningokokksjukdom kan reduserast ved å følgje desse råda:

*Ta deg tid til å sove ut. Kroppen treng kvile, det styrkar immunforsvaret.

*Ikkje rop og skrik så mykje at du blir hes og halsen sår. Dette gjer slimhinnene meir mottakelige for infeksjonar.

*Unngå å drikke av same flaske /boks/glas som andre

*Kyss berre kjærasten din

*Ikkje del sigarett med andre

*Unngå for mykje alkohol, og ta godt vare på kvarandre dersom nokon av vennane dine blir sjuke.

Her finn du meir informasjon om meningokokkvaksine til russen 2011/2012.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.