Publisert 02. april 2009 13:46:30 av Inge Kvamme
Torsdag 5. mars vart ein busslast med nysgjerrige realistar sendt til Høgskolen i Ålesund. Dei skulle få ta del i den årlege laboratorieveka som høgskulen arrangerer.
Biologi 1, Biologi 2 og Kjemi 2 var dei gruppene som fekk vere med. Laboriatoriedagen starta med ei forelesing av instituttstyrar og deretter fekk vi høyre om OMEGALAND. Robert Wolff, som er leiar i den nyoppstarta organisasjonen, gav mellom anna ei grundig innføring i den kjemiske bygnaden til omega-3 feittsyrer.
Elevane fekk deretter på seg kvite frakkar, og så starta laboratoriedagen. Biologi1-elevane fekk vere med å bestemme bakteriar. Det høyrest kanskje lett ut, men det var ikkje få teknikkar som måtte brukast til dette. Agar-skålene med bakteriekoloniar blei først grundig lukta på. «Nr 1 luktar våte sokkar...eller kanskje meir mygla brød» meinte ein elev. Bakteriane i skålene blei så påverka med ulike kjemiske stoff, og tilslutt undersøkt i gode mikroskop. Elevane greidde testen, og E. coli-bakteriane vart avslørt som bebuarar av skål nr 1. Dette var den første av fire øvingar for Biologi 1- elevane.
Biologi 2-elevane fekk prøve å vere genteknologar, og utførte gelelektroforese for å finne den skuldige i ei fiktiv drapssak. Biologilæraren deira, Liv Åm, vart etter DNA-test utpeika som den skuldige. Kjemi 2-elevane fekk prøve gasskromatografi av omega-3-feittsyrer.
Medfølgjande lærarar var Olav Myklebust, Øyvind Vorren og Liv Åm. Tekst: Olav Myklebust Foto: Olav Myklebust/Liv Åm
Klikk på peikaren under for å sjå ein presentasjon med store bilete.