Publisert 30. august 2010 16:05:24 av Jørund Fet
Volda vidaregåande skule køyrer dette skuleåret kurs i faga norsk, engelsk og matematikk på kveldstid
Alle dei nemnde kursa er kurs til generell studiekompetanse over eitt år, med eksamen i mai/juni.
Tysdagar kl. 18 - 21: NORSK
O nsdagar kl. 18 - 21: MATEMATIKK (1P)
Torsdagar kl. 18 - 21: ENGELSK
Etternølarar kan framleis få plass på kursa, som er gratis. Ta kontakt med Jørund Fet på telefon 70 05 93 06.
Er interessa stor nok, vil det bli starta kurs i historie januar 2011. Det kurset vil gå over eit halvår.