Publisert 30. juni 2010 13:47:57 av Jørund Fet
Ressurssenteret ved Volda vidaregåande skule vil skuleåret 2010-11 tilby kurs på kveldstid i fag som gir generell studiekompetanse. Desse faga er norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og historie.
Søknad
Fyll ut søknadskjema og kartleggingsskjema for realkompetanse og send det til:
Volda vidaregåande skule, v. Jørund Fet, Vevendelvegen 35, 6100 Volda.
Skjemaa kan og sendast som vedlegg i e-post til skulen (sjå Kontaktinformasjon).
Skjema kan du få tilsendt ved å vende deg til skulen, eller du kan laste dei ned frå denne peikaren (skjemaa finn du i høgremargen under Dokument):
Vaksenopplæring i Møre og Romsdal
Søknadfrist: 20. august 2010.
Vi tek atterhald om at kurs med få søkjarar står i fare for ikkje å bli starta opp.
Vaksenrett
Vaksne som har fullført grunnskule eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Denne regelen gjeld frå og med det året ein fyller 25 år. Søkjarar som oppfyller desse krava har rett til gratis vidaregåande opplæring. Sjå Opplæringslova §4A
Søkjarar som ikkje oppfyller desse krava, vil likevel kunne delta på kursa vi startar opp dersom det er plass.
Realkompetansevurdering
Søkjarar med vaksenrett, eller vaksne som vert tilviste frå NAV, kommunen eller trygdeetaten, har rett på å få vurdert kompetansen sin opp mot gjeldande læreplan i det aktuelle faget på vidaregåande nivå.
Andre har også rett til realkompetanse, men mot å dekkje kostnadane sjølve.
Med realkompetanse meiner vi den samla kompetansen ein har tileigna seg gjennom heile livet, gjennom utdanning, samfunnsdeltaking og arbeid . Har du slik kompetanse på nivå med kompetansemåla i læreplanen i faget, vil dette kunne erstatte kurs og eksamen i faget.
Kartlegging og vurdering av realkompetansen vil skje gjennom dokumentasjon, eigenvurdering, samtale med faglærar og evt ein test på kompetansen i det aktuelle faget.
Er dette aktuelt for deg, fyller du ut kartleggingskjemaet saman med søknadskjemaet du finn i peikaren over, og her