Kurs til generell studiekompetanse

Volda vidaregåande skule tilbyr kurs i fag som gir generell studiekompetanse, med oppstart hausten 2011. Aktuelle fag er:

- norsk
- matematikk
- naturfag
- engelsk
- historie
- samfunnsfag

Desse seks kursa stettar kravet til generell studiekompetanse, som kvalifiserer til studium på høgskule- og universitetsnivå dersom du har vaksenrett (sjå under).

Interesse og påmelding vil avgjere kva kurs som vert starta opp. Dei vil gå på kveldstid, og vert avslutta med eksamen. Det er inga kursavgift.

Søk elektronisk på www.vigo.no og vel "Vaksenopplæring/ Realkompetansevurdering". Du kan óg sende e-post til volda.vgs@mrfylke.no og få tilsendt søknadskjema som du fyller ut og returnerer.

Vaksne har lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Rett til vaksenopplæring gjeld for deg som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, og retten trer i kraft frå og med det året du fyller 25 år (§4A-3 i opplæringslova). Du har fullført vidaregåande opplæring når du har fullført tre års vidaregåande opplæring, har studiekompetanse, fag- eller sveinebrev eller anna yrkeskompetanse. Dersom du har gjennomført tre års opplæring, men ikkje bestått i eit eller fleire fag, har du ikkje rett til vidaregåande opplæring. Du må søke om retten til vidaregåande opplæring til næraste vidaregåande skole sitt ressurssenter.

Generell studiekompetanse etter 23/5-regelen.

Du kan søkje om opptak til høgare utdanning på grunnlag av dei seks ovanfornemnde faga dersom du oppfyller desse kriteria:
- fyller minimum 23 år i søknadsåret
- kan dokumentere 5 års heiltids utdanning og/eller yrkespraksis. Militærteneste og omsorg for eigne born tel med her.

Send søknad om plass på eitt eller fleire av kursa våre dersom du er i ein ein slik situasjon.

Søkjarar utan rett

Sjølv om du har fullført vidaregåande opplæring, eller ikkje oppfyller krava i 23/5-regelen, kan du likevel søkje om plass på fagkursa vi tilbyr. Du vil få plass dersom det er ledig, og det er det som regel.

Kontakt ressurssenteret ved næraste vidaregåande skole!

Møre og Romsdal fylke har ansvar for at vaksne som har rett til vidaregåande opplæring, får oppfylt sin rett til realkompetansevurdering og vidaregåande opplæring. Dei vidaregåande skolane i fylket har ressurssenter som har ansvar for å informere om vaksenretten, realkompetansevurdering og vaksenopplæringstilboda lokalt. Ressurssenteret tek i mot og behandlar din søknad om vaksenrett, tilbyr realkompetansevurdering, og tilpassar eit opplæringstilbod til ditt behov.

Realkompetansevurdering

Vaksne har rett til å få sin realkompetanse vurdert i høve til læreplanane på vidaregåande skoles nivå dersom dei har vaksenrett eller blir tilviste frå NAV, kommunen eller trygdeetaten. I det siste høvet skal tilvisande instans dekke utgiftene.

Vaksne som ikkje har rett, kan få realkompetansevurdering ved å dekke kostnadene til dette sjølve. Med realkompetanse meines ein persons samla kompetanse frå praksis og utdanning gjennom heile livet. Realkompetansevurderinga skal vere ei kartlegging av samla kompetanse frå arbeid, utdanning og samfunnsdeltaking i høve til ei læreplan i vidaregåande opplæring. Du har rett på dokumentasjon av godkjent kompetanse i eit kompetansebevis.

Kartlegging av realkompetansen vil skje gjennom samtale, eigenvurdering og vurdering av tilsendt dokumentasjon for tidlegare utdanning og praksis i høve til læreplanen i aktuelt fag. Fyll ut kartleggingsskjemaet og send dette saman med søknad om vaksenretten til ressurssenteret ved næraste vidaregåande skole.

Tilbodet skal vere tilpassa vaksnes behov

Opplæringa for vaksne skal vere fleksibel og tilpassa den enkeltes behov med omsyn til omfang, tid og stad. Kursa er gjerne komprimerte i forhold til tilboda i ordinær opplæring, og avkorta i høve til din dokumenterte realkompetanse i den aktuelle læreplanen.. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Dei fleste vaksenopplæringstilboda er på kveldstid, men nokre ressurssenter har og tilbod på dagtid.

Digitale læremidla – nettstøtta opplæring

Vaksne kan ha behov for opplæringstilbod som ikkje krev fysisk oppmøte kvar veke gjennom heile kurset. Det kan vere aktuelt med samlingar kombinert med innleveringar og rettleiing på internett. Dei vidaregåande skolane nyttar Fronter som digital læringsplattform, og du kan be skolen/ressurssenteret om å legge til rette for at du kan nytte digitale læremidlar i opplæringa.

Inntak til vidaregåande skole

Inntak til vidaregåande skole også skje ved å søke inntak i ordinær skole (§3.1 i opplæringslova) med søknadsfrist 1.februar (inntak med rett til spesialundervisning) eller 1.mars (ordinært inntak). Inntak skjer på grunnlag av søkjarens realkompetanse, og du har ulike rettar om du søkjar etter §4A-3 eller §3.1. i opplæringslova – sjå vilbli.no.

Rett til vurdering med standpunktkarakterar

Vaksne som følgjer vidaregåande opplæring som fylkeskommunen har ansvaret for, har rett til vurdering i dei faga som dei følgjer og avsluttar opplæringa i.

Grunnlaget for vurdering med standpunktkarakter i faga er kompetansemåla i faga slik dei er fastsette i læreplanane i Kunnskapsløftet. Fylkeskommunen kan anten tilby opplæring med standpunktkarakterar eller støttekurs som førebuing til privatisteksamen, etter kva den vaksne ønsker. Kontakt ressurssentra for meir informasjon om tilboda, og korleis dei vil bruke realkompetansevurdering som grunnlag for å tilby opplæring etter ditt behov.

Fullføringsrett

Vaksne som er tatt inn på eit opplæringstilbod har rett til å fullføre opplæringa. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter §4A-3 førte ledd. Det er ikkje gitt føresegner om frist for når fullføringsretten skal bli innfridd.

Klagerett

Om du ikkje får innvilga vaksenrett etter §4A-3 i Opplæringslova, kan du klage på dette. Klagen rettast til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Vaksne utan rett har ikkje rett til gratis opplæring. Dei kan likevel bli tatt inn i opplæringstilbod for vaksne dersom det er ledig plass. Då får dei fullføringsrett. Dei kan og søkje om ordinært inntak i vidaregåande opplæring etter §3-1 i Opplæringslova. Ved inntak blir vaksne rangert etter unge med rett og vaksne med rett. Det er og klagerett på realkompetansevurderinga og opplæringstilbodet. Denne klagen skal og sendast utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Det er Fylkesmannen som handsamar desse klagene.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.