Publisert 24. august 2009 09:23:09 av Inge Kvamme
Alle elevar på Vg1 skal hausten 2009 delta i ei obligatorisk kartleggingsprøve i rekning. Prøva er elektronisk og skal gjennomførast i løpet av veke 35 og 36.
Føremålet med kartlegginga er å avdekkje kva for elevar som har for svake grunnleggjande ferdigheiter i rekning til å følgje med i faga. Kartlegginga kan gi skulen høve til å iverksetje tiltak på eit tidleg tidspunkt og vere med på å førebyggje at elevar avbryt vidaregåande skule.
Klikk på peikaren under for å lese ei orientering om kartlegginga frå Utdanningsdirektoratet.