Publisert 23. september 2010 14:30:31 av Inge Kvamme
Torsdag 23. september var det karrieredag for 10.-klassingar frå Volda ungdomsskule, Myklebust skule, Åheim skule, Ørsta ungdomsskule, Ytre Herøy ungdomsskule og Gursken oppvekstsenter. Dagen før var det karrieredag for dei andre ungdomsskulane i regionen.
Dagen byrja med velkomst og orientering om studieførebuande utdanningsprogram for alle på Høgskulen i Volda. Deretter vart elevane guida rundt på forskjellige stasjonar av elevar på Vg1 og Vg2 SA (service og samferdsel) ved Volda vgs.
På høgskulen var det stasjonar som viste yrkesutdanningar ved høgskulane i Volda, Ålesund og Molde, og i Voldahallen vart yrkesfagleg utdanning presentert.
Under har vi laga ein biletpresentasjon frå dagen. Foto: Inge Kvamme