Publisert 26. desember 2009 11:48:24 av Inge Kvamme
Onsdag 16. desember 2009 var det på nytt tid for juleverkstaden som etter kvart har vorte ein tradisjon på MK (medium og kommunikasjon) ved Volda vidaregåande skule.
Verkstaden var for 1MK og 2MK, med høve til å stikke innom for elevar frå 3MK som hadde høve til det. Lærarane hadde med papir, glitter, pepparkaker, mandarinar o.l., og elevane hadde med saks, lim, godteri, julemusikk, julefilmar og det dei elles ville.
Stemninga var god og julete, noko bileta i presentasjonen under tydeleg viser.
GOD JUL FRÅ MK!