Juleavslutning 2011

Siste skuledag før jul var tysdag 20. desember. Etter ein time med kontaktlærar hadde vi for andre gong samling i Voldahallen, med tale av rektor og gang rundt juletreet.

Etterpå var det skulegudsteneste for alle interesserte, og ganske mange møtte fram i år. Musikklinjekoret med dirigent Siv Aurdal bidrog med to flotte julesongar arrangert for kor.

Til slutt var det den vanlege julelunsjen i festsalen for tilsette og pensjonistar med musikalske innslag frå elevar ved musikklinja, tale av rektor, utdeling av merksemd til jubilantar, allsong og mat.

Og så kunne julefreden senke seg over skulen.

Her finn du ein liten presentasjon frå Voldahallen.
Foto: Inge Kvamme


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.