Publisert 17. november 2011 09:27:03 av Inge Kvamme
Torsdag 17. november ynskjer vi foreldre/føresette til 10.-klassingar velkomne til informasjonsmøte om studietilbodet vårt kl. 19 i festsalen på øvre bygget.
Føremålet med møtet er å gi foreldre/føresette ei grundig innføring i innhaldet i dei utdanningsprogramma skulen tilbyr, slik at dei kan vere med å gi ungdommane sine kvalifiserte råd når dei skal søkje skuleplass til våren. Rådgjevarane våre vil i løpet av hausten besøkje alle 10.-klasser på ungdomsskulane på dagtid. Dette informasjonsmøtet er difor primært retta mot foreldre/føresette.
Etter fellesorienteringa i festsalen v/rådgjevarane, vert det høve til å snakke med fagpersonar på dei ulike utdanningsprogramma (studiespesialisering, musikk, media, service og samferdsel).
I venstremargen på heimesida finn ein meir informasjon om studietilbodet.
Vi gler oss til å vise fram ein nyrenovert skule, og håper aktuelle foreldre/føresette har høve til å setje av denne kvelden.