Publisert 31. august 2011 10:22:57 av Inge Kvamme
Tysdag 30. august var det orienteringsmøte for foreldre/føresette til elevar på Vg1 (første klasse).
Det starta med felles orientering for alle utdanningsprogramma og vart avslutta med eigne orienteringar for studiespesialisering (ST), musikk (MD), media (MK) og service og samferdsel (SA).
Klikk her for å lese presentasjonen som vart brukt i fellesorienteringa og orienteringa om ST. Meir om ST finn du her .
Dei andre utdanningsprogramma hadde eigne orienteringar med sine kontaktlærarar. Om du klikkar på peikarane, kan du lese meir om MD , MK og SA på skulen si heimeside.
Det vart orientert om pålogging for føresette på SkoleArena, plattforma vår for fråvær og vurdering. Her kan du laste ned ei rettleiing om dette.
Det vart også orientert om diverse kartleggingsprøver. Her finn du meir om desse på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.
Her kan du sjå eksempel på eit vitnemål med realfag frå studiespesialisering.
På møtet var det også val av foreldrerepresentant med vara til skuleutvalet, eit rådgjevande organ for rektor. Jørn Persson vart vald, med Greta Kvalsvik som vara. Vi ønskjer lykke til med arbeidet.