Publisert 22. september 2011 16:12:14 av Inge Kvamme
Torsdag 22. september 2011 arrangerte klasse 3MU huskonsert i festsalen. Arrangøransvaret for konserten går inn som ein del av faget "produksjonsleiing" i 3. klasse på musikklinja.
Konserten var svært godt annonsert og av god kvalitet, noko som vart løna med stappfull festsal og entusiastisk publikum.
Vi takkar arrangørane og deltakarane for eit absolutt flott innslag i skulekvardagen!
Klikk her for å sjå ein biletpresentasjon frå konserten.
Tekst og foto: Inge Kvamme