Publisert 01. oktober 2010 15:12:41 av Inge Kvamme
For tredje året på rad har Volda vidaregåande skule arrangert historiedagar for 3.-klassingane på Studiespesialisering (ST) og Påbygging til generell studiekompetanse (PB), med dei same hjelparane frå musea på Søre Sunnmøre.
På programmet stod kystkultur, oppsett av ’grindaløde’, smiing av båtsaum og slakting. Målet er å gje elevane innsikt i livet på Sunnmøre på 17-1800-talet.
Lars Ørstavik har laga ein biletreportasje som stadfestar ordtaket om at eit bilete seier meir enn tusen ord. Difor nøyer vi oss med å seie at vi ser på dette som eit svært godt og viktig tiltak og takkar dei gode hjelparane. Klikk på biletet under.