Publisert 11. september 2008 11:06:56 av Inge Kvamme
Måndag 8. og tysdag 9. september hadde 3.-klassingane historiedag, 3ST2 og 3ST3 måndag og 3ST1 og 3ST4 tysdag. Heile dagen vart brukt, med undervisning på Haualeitet, ved Garvarbuda og tur på fjorden med båt.
Dette fine tiltaket vart planlagt på eit møte på skulen 18. august, med deltaking frå Brudevolltunet i Ørsta, Haualeitet i Volda, Herøy Kystmuseum og historielærarar ved skulen. På historiedagane var desse ressurspersonar, i tillegg til folk frå Sunnmøre Museum og Naturhistorisk Museum i Sykkylven.
Ressurspersonane var:
- Heidi Thøni Sletten frå Volda Bygdetun
- Reidar Humberset frå Volda Bygdetun
- Norvald Øye frå Brudevolltunet
- Håvard Hatløy frå Herøy Kystmuseum
- Magnhild Vatne frå Naturhistorisk Museum Sykkylven
- Arve Yndestad frå Sunnmøre Museum
- Ragnar Didrik Osdal frå Volda vgs.
- Tjalve Sørheim frå Volda vgs.
Vi takkar alle for god og viktig innsats!
Under eit par bilete frå dagane. Foto: Lars Ørstavik
Ragnar Didrik Osdal og Tjalve Sørheim i aksjon ved Garvarbuda.
Til slutt ein presentasjon med store bilete frå dei to dagane.
Foto: Lars Ørstavik