Grammatikk (med kjærleik)

Musikklinja framførte musikalen "Grammatikk og kjærleik" om livet til Ivar Aasen for eit par år sidan.
Tysdag 2. oktober arrangerte Volda vgs. den avsluttande testen på eit 2-vekers tverrspråkleg grammatikkurs for elevane i 1ST og 1MU.

Kurset, som vart avvikla for første gong i fjor haust, er eit elementært grammatikkurs der ein ser samanhengane mellom norsk, engelsk, tysk, fransk og spansk.
Basisdokument for kurset er eit kompendium på 25 sider, og så lagar lærarane i dei forskjellige språka øvingsoppgåver og deltestar for sine språk. Hovudtankane bak eit slikt kurs er:

  1. Det er ein repetisjon, ei oppsummering av språkopplæringa i grunnskulen.
  2. Det markerer oppstarten på språkopplæringa i vidaregåande skule.
  3. Det legg vekt på samanhengen/tverrspråklegheita mellom morsmålet og framandspråka.

Kurset er gjort tilgjengeleg for resten av Møre og Romsdal frå august 2007, og fleire skular er i gang med å førebu kurs. Klikk på peikaren under for å lese kompendiet.

 

Fremmedspråksenteret har også synt stor interesse for kurset vårt og har gitt oss 46.000 kr. for å vidareutvikle det, omsetje det til bokmål og lage ein tekstgrammatikk. På denne måten blir kurset gjort tilgjengeleg for heile landet.

FoU-koordinator Gerard Doetjes ved senteret kom på besøk tysdag 2. oktober for å ha møte med lærarar og elevar. Det verka som han likte seg godt hos oss, både møta med lærarar og elevar og den gode maten frå kantina. Vi ser fram til samarbeidet med han og andre på Fremmedspråksenteret.

Under kan du sjå nokre bilete frå møta og testen 2. oktober:
Foto: Inge Kvamme

F.v.: Gerard Doetjes, Edelgard Budde, Rolv Kornberg og Morten Vinjevoll.

F.v.: Liss-Hege Mørch, Svanhild Holsvik, Aase Digernes og eldsjel Oddrun Torvik lyttar oppmerksamt til Gerard.

Klasse 1ST2 under testen. Oddrun passar på i bakgrunnen.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.