Frist for oppmelding til privatisteksamen

15. september er siste frist for å melde seg opp til hausteksamen for privatistar.

All oppmelding skal skje på PrivatistWeb. Frå 1. januar kan du melde deg opp til våreksamen, og frå 1. september kan du melde deg opp til hausteksamen.

Oppmeldingsfristar

  • Våreksamen: 31. januar
  • Hausteksamen: 15. september

Oppmeldingsskjema skal du fylle ut på PrivatistWeb.

Tilrettelagt eksamen?
Om du skal søkje om tilrettelagt eksamen, må du skrive ut skjemaet
Søknad om tilrettelagt eksamen, og sende det til eksamensskulen innan fristen (30. september for hausteksamen og 15. februar for våreksamen).
NB: Hugs dokumentasjon.

Du finn meir informasjon på www.privatistweb.no

Etter at du har valt Møre og Romsdal fylkeskommune i innloggingsbildet, klikker du på lenka Viktig informasjon om eksamen. Du får då opp ei rettleiing med informasjon om privatisteksamen. Du kan skrive ut rettleiinga om du ønskjer det. Her finn du og informasjon om betaling av eksamensavgift, dette må gjerast via nettbank. Det er nokre få tilfelle der du ikkje skal betale, men dei aller fleste må betale eksamensavgift ved oppmelding til privatisteksamen. Privatistar betalar ei eksamensavgift per eksamen. Det er forskjell på om ein har karakter i faget frå før eller ikkje. Sjå meir om dette på PrivatistWeb.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.