Publisert 11. november 2008 09:55:42 av Inge Kvamme
Møre og Romsdal fylke inviterer til fotokonkurranse for studentar på høgskulane og elevar i den vidaregåande skulen i fylket.
Dei jaktar på kreative og spennande foto som skal nyttast i den nye Fylkesplanen for Møre og Romsdal (2009-2012).
Konkurransen er open for alle studentar ved høgskulane og elevar i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal. Det er lov å sende inn tre bilete per person. Hovudtema er kultur, kompetanse og verdiskaping.
Det er flotte premiar, m.a. eit Nikon D80 kamera, og vi vonar at dette kan vere med på å inspirere til fotoglede blant elevar og studentar.
Frist for innsending av bilete: fredag 28. november 2008.
Klikk på peikarane under for å lese invitasjon og reglar for konkurransen.
Invitasjon fotokonkurranse
Reglar for fotokonkurransen