Elev ved Volda vgs. omkomen på Utøya

Guro Vartdal Håvoll, elev i 2MU (2. klasse på musikklinja) 2010-2011, er no stadfesta omkomen i terroraksjonen på Utøya fredag 22. juli.

Vår djupaste medkjensle og kondolanse går til dei næraste og familien elles.

Skulen vil sende blomar og vere representert i gravferda.

Tankane går også til alle dei andre som omkom, og til dei overlevande etter attentatet.

Ved skulestart vil vi ha ei markering for alle elevane i Voldahallen og ei eiga minnestund for Guro i 3MU, klassa ho skulle ha vore elev i det komande skuleåret.

Skulen hadde, så langt vi kjenner til, i alt 4 utsendingar på Utøya. Dei tre andre, som kom velberga heim, vil sjølvsagt få all vår støtte og hjelp i ei vanskeleg tid.

Ytterlegare informasjon som vedkjem skulens tilsette, vert formidla via Fronter.

Guro, ein sympatisk og engasjert elev.

Under to talande bilete frå dei første dagane etter det grufulle terroråtaket.

Skuleflagget på halv stong 23. juli, dagen etter attentatet.
Ein tung og mørk dag på alle måtar.
Foto: Trond Hjelseth

Blomar og Guro sitt namn i sanden på Slottsplassen.
Foto: Hildur Sandstad Dalen


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.